Ny bok av Tone Almhjell

Publisert 2. desember 2016 12:00, sist redigert 2. desember 2016 14:48

Bøker i dette innlegget

Maretorn

Tone Almhjell


Tone Almhjell er tilbake med den frittståande oppfølgjaren tilfantasyromanen "Vindeltorn". 


Denne gongen er det Niklas, bestevennen til Lin, som er hovudpersonen. Han bur på garden Sommerhjell saman med bestemora og onkelen Anders. Heilt sidan mora døydde for sju år sidan har han hatt mareritt. Ein dag når han er ut på rampestrekar møter han på eit grønnøyd beist som er ute etter han. Dette blir starten på eit forrykande eventyr. Tornerika der daude dyr som har vore elska av barn lev er tilbake, denne gongen i byen Sønder. Niklas redde Sønder frå Spurvekongen og, han sin hær av knokkelnebb som har alliert sg med trolla med Rafsa i spissen. Samtidig avdekkjer han løyndommen om mora si fortid og kva ho har med Sønder å gjere.


Denne boka tilrår eg på det varmaste. Den har fine skildringar og eit vakkert og stort univers. Den er litt treig i starten, men det er berre å fortsette. Den tar stadig nye vendingar der den eine er meir uventa enn den neste. Den har og ei tilfredsstillande avslutning som ofte kan vere eit problem med slike bøker. Tone Almhjell klarte det igjen.


1 kommentar

Ellemerr

Treig i starten? Det merka ikke jeg noe til. :P Men hvis man har lest Vindeltorn først, og man går og bare venter på å komme tilbake til Sylver… vel, da må man belage seg på å vente litt.

Stengt for kommentarer.