Nullstill søk

Boksøk

×

Kategorier

Alle (3260) spenning (1554) drama (1152) fantasy (1067) kjærlighet (862) humor (326) tegneserie (249) fakta (182)

Brevet frå krigen

Ei dramatisk skildring av korleis det er å vekse opp i krig . Jorun Emilie Holm var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg. Frå Lindøya utanfor Oslo såg ho tyske bombefly fly lågt over hustaket, på veg for å invadere Oslo.

Z for sorry

Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.

Galderstjerna

Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol på brystet.

Stavanger Stories I: novellekrans

Stavanger Stories 1

Fjorten forteljingar med humor og action! «Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.

Om noko skulle skje

Eventyrleg reise gjennom dødsriket for å finne den tapte kjærleiken. Kjærasten til Reiner døyr, og han sørgjer slik over henne at han ikkje vil leve meir, han heller. Så blir han kjend med Kapteinen, som gir han eit tilbod han ikkje kan seie nei til.

Engel i snøen

– Det er ikkje lenge til no, sa Idun.– De treng ikkje laga til noko for meg, sa eg.Idun smilte.– Klart me skal det, sa Idun.– Nei, det går bra, sa eg.– Er du redd det skal bli for mykje styr for deg?Eg nikka svakt.– Har du veldig mykje vondt?Eit nytt nikk.– Men ikkje sei noko til pappa, sa eg.

Aldri fred å få

Dagny 2

Dagny har blitt storesøster. I tillegg har ho krigen å kave med. Vår tids Dagny er tilbake i 2. verdskrigen og møter igjen Belinda og Kalla. Det er fint, hadde det ikkje vore for at Kalla har planar om å gjere slutt på krigen heilt på eiga hand.

Fredlaus

Drakeguten 5

Fredlaus og på flukt frå den nye leiinga i Kervad er Koll avskoren frå nesten alle han bryr seg om. Med eit brennande ønskje om hemn og oppreising tar han opp jakta på fienden som har trekt i trådane og gjort livet surt for både han og dei andre kervingane.

Glimt

Jon flyttar til ei øy i havgapet med legemor si. Det vakre landskapet skjuler stygge løyndommar; for kvifor må ungdommane ut av ungdomshuset før klokka 19:33, og kva er det demente frk. Hansen eigenleg prøver å fortelje Jon? Kva har 2. verdskrigen å gjere med alt det mystiske som skjer?

Bouvetøya 2052

Året er 2052. Startskotet går for tidenes heftigaste nett-reality, ein klimakonkurranse på isolerte Bouvetøya i Sørishavet. Ein ungdom frå kvar verdsdel, kvar med sine unike eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar.