Nullstill søk

Boksøk

×

Kategorier

Alle (66) drama (43) spenning (19) kjærlighet (18) humor (11) fantasy (7) tegneserie (2) fakta (1)

Fredlaus

Drakeguten 5

Fredlaus og på flukt frå den nye leiinga i Kervad er Koll avskoren frå nesten alle han bryr seg om. Med eit brennande ønskje om hemn og oppreising tar han opp jakta på fienden som har trekt i trådane og gjort livet surt for både han og dei andre kervingane.

Svartedalen

Kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå? Når mystiske ting byrjar hende, og du ikkje klarer å finne ei naturleg forklaring?Nokre gonger blir det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida

Arrfjes

I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen.

Fiendeblod

Villheks 5

I denne femte og nest siste boka om villheksa Clara, må Clara redde den siste ramnen i verda. For utan ramnar blir Clara berre ei heilt alminneleg villheks, ja kanskje ikkje det ein gong. I jakta på å redde ramnane må Clara legge ut på ei vill og farleg reise, kor ho sjølv må finne ut kven som

Lesebok for jenter

For tre tusen år sidan drøymde ei ung jente om å møte den store kjærleiken, og fann ein skipbroten utlending som var heilt avhengig av henne. Dette utdraget frå Odysseen står først i denne boka.

Alt kan skje

Bebe 4

Fjerde og siste boka om Bebe!To heile veker i Syden. Kvit sand, blått hav. Bebe kjenner det kitla i magen, og Sara ser gladare ut enn på lenge. No skal alt snu! 

Parissyndromet

Parissyndromet åpner med ei ung jente som tar farvel med alt og alle ho kjenner og drar til Paris, kor ho ikkje kjenner nokon. Ho har ingen store planar. Lære seg fransk, jo, men det er ikkje så viktig. Mest av alt vil ho berre ut. Bort. Men kanskje uten å vite kvifor.

Kimæras hevn

Villheks 3

"Er han død?" Clara tør nesten ikkje spørje, for det er hennar eigen villven Katt det gjeld. Livet hans heng i ein spindelvevtynn tråd, og viss Clara vil redde han, må ho følgje eit spor som fører henne rett i klørne på dødsfienden Kimæra ...

Nesten saman

Kanskje du akkurat no er åleine.Kanskje du trur at ingen bryr seg.Kanskje du trur at ingen ser deg.Kanskje du trur at du ikkje er bra nok.Kanskje du trur at ingen veit kven du er.

Så vakker du er

Det er sommar og alt er annleis. Onkel Simon flyttar inn hjå Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva slags veg det ber, utan at mora seier det rett ut.