Det verste har allereie skjedd

Det verste har allereie skjedd
Marta Söderberg
Oversatt av Runa Kvalsund

  • Livskrise
  • Sorg
  • Psykologisk drama
  • Vond
  • Sommer
  • Adoptivbarn
  • Følsom
  • Tilbakeblikk
  • Godt driv
  • 100 sider

Psykologisk drama om skuld, sorg og eit brutalt drap. Sommaren har nettopp starta, og Bianca har fått jobb i eit reingjeringsfirma. Adoptivforeldra synest ikkje det er ein passande jobb for dottera, men Bianca har ikkje noko imot det, tvert om. Etter at det verste hende, bryr ho seg ikkje om noko lenger, ho plukkar gjerne sigarettsneipar dagen lang. Ein dag får ho og ein kollega i oppdrag å rydde ut av ei leilegheit som har vore åstad for eit drap. Bianca grev seg djupt ned i trekantdramaet som førte til mordet, men det einaste ho finn, er si eiga sorg. I Det verste har allereie skjedd utforskar Marta Söderberg skuld, tap og det å vere adoptert. Romanen er skriven med nerve og intensitet, og kvar side landar som ein stein i lesaren.

Mer om boka:

Les utdrag her:

Årstall2023
Sidetall101
SpråkNynorsk
ForlagSamlaget
ISBN9788234010262

Legg inn en kommentar

Ubok.no – bøker for ungdom

Følg oss:

Følg oss!

Det meste skjer på TikTok og Insta. Finn oss her:

Kategorier

Create a website or blog at WordPress.com

%d