Fotball eller livet

Fotball eller livet
Tone Nilsen-Bie

  • Vennskap
  • Fotball
  • Jenter
  • LGBTQ+
  • Nynorsk
  • Under 100 sider
  • Noveller

Kor godt kjenner vi vennene våre? Deler vi alt med dei som står oss nærast? Og kven bestemmer kva som er sant? I novellesamlinga Fotball eller livet møter vi menneske knytte til eit fotballag for jenter som går siste året på ungdomsskulen. Dei er mykje saman, både på og utanfor banen. Men likevel skjuler dei ting for kvarandre. Novellene tek opp ulike tema, frå det å vere skeiv og redd for at andre skal få vite, til mobbing og trakassering, alkoholisme, falske skuldingar, upassande forhold, svik og død. Boka inneheld åtte noveller som kan lesast uavhengig av kvarandre. Men dersom ein les alle tekstane kronologisk, finst her òg ei overordna historie. Som tittelen seier, handlar dette litt om fotball, men aller mest om livet.

Mer om boka:

Årstall2026
Sidetall84
SpråkNynorsk
ForlagSkriveakademiet
ISBN9788293636779

Legg inn en kommentar

Oppdag mer fra UBOK_NO

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese